Her er dei to einaste vêrane i fjøset. Vêren til høgre er General Rame, som truleg blir far til meir enn 100 lam dette året.
— Vi må alle ha mat, korn, poteter og grønsaker, skriv Johannes Kringlebotten (Frp) i dette innlegget. Arkivfoto

Landbruket i framtida

Vi har alle som éin fått kjenne unntakstilstanden på kropp og sjel då korona-epidemien kom og herja i landet vårt. Kva har den gjort med oss? Kva tankar har me gjort oss om framtida når det gjeld jobb, vårt sosiale liv og økonomien til kvar enkelt av oss. Dette gjeld også landbruket, samt lokale og sentrale bedrifter?

Korleis dette vil ende, kan berre framtida vise.

Ein ting er sikkert, landbruket trenger vi. Vi må alle ha mat, korn, poteter og grønsaker. Det er livsnødvendig for oss alle både i gode tider og i unntakstider. Etter som dei lærde seier, kjem slike pandemiar igjen, lik den som vi har hatt nå.

Så nå er det viktig at landbrukspolitikken blir sett i fokus sentralt og lokalt. Landbruket må få gode og berekraftige vilkår. Vi må bli sjølvforsynte med mat, og det må gjevast muligheiter til å opprette lager av f.eks. korn. Det må bli lagt til rette for at bonden kan drive sal av eigne produkt, vi forbrukarar må få tilgang til kortreist mat. Kanskje landbruket og landbrukspolitikken skal leggast opp slik at vi i framtida må sjå på kva dei gjorde før og tilrettelegge for god matvaresikkerheit, og at sjølvbergingsgraden går opp.

Politikken må tilretteleggast for nye tider både for bøndene og for oss forbrukarar. Heiltidsbonden i framtida kan og må få muligheita til skape fleire arbeidsplassar. Bonden må i større grad få bestemme over eigen eigedom, både for å utvikle produksjonen og sal av areal ein ikkje kan nytte sjølv i landbruket.

Vi må ta vare på landbruket vårt og hegna om landbruksarealet vårt slik at vi sikrar framtida.

Nå må vi stå saman for landbruket.

Johannes Kringlebotten
Etne Frp