Guri L. Ravatn er Vindafjord SV sin førstekandidat ved haustens kommuneval.
Foto: Jo Straube / Sosialistisk Venstreparti
Guri L. Ravatn på talarstolen under SV-landsmøte i 2019. Foto: Jo Straube / Sosialistisk Venstreparti

Når applausen stilnar

Rundt om i landet og i verda har arbeidsfolk fått kraftig applaus av takksame medborgarar. Yrkesgrupper som har blitt tatt for gitt, har blitt kvardagsheltar i kampen mot korona-pandemien. At dette gjeld helsepersonell seier seg sjølv, men nå ser me kor viktige også reinhaldarar, transportarbeidarar og butikktilsette er for oss alle.

Nå er det 1. mai, festdag og kampdag. I år skal me hylla dei som har stått på, med ennå meir applaus. Og, når applausen stilnar, skal me ta med vidare at dei som no jobbar hardt for fellesskapet, ikkje alltid er dei med høgast løn. Sjølv om applaus og gode ord er fint, så må me sørga for eit skikkeleg løft i desse yrka, med heile, faste stillingar og ei løn å leve av.

Kriser avslører mykje om eit samfunn. Koronapandemien viser at me har møtt krisa med solidaritet og at me har eit samfunn der folk er villige til å stilla opp for kvarandre. Me ser stadig døme, lokalt og globalt, på at mange er villige til å strekka seg langt for å hjelpa og ta vare på dei som treng det aller mest. Dette er solidaritet i praksis.

1.mai har svake tradisjonar i lokalsamfunnet vårt. I år er det heller ikkje mogleg å samlast. Likevel skal dagen minna oss om at det kjem ei tid etter krisa, der applausen har stilna og me gradvis kjem inn i kvardagen att. Denne kvardagen kan vera endra og tung, t.d. for dei som er ramma av arbeidsløyse.

SV, lokalt og sentralt, skal halde fram med å kjempa for eit samfunn med sterke fellesskap og små forskjellar, eit samfunn for vanlege folk, der dei på toppen bidreg meir, der alle kan lukkast. Krisa har vist oss at samfunnet vårt er sårbart, og at forskjellane i samfunnet fort kan bli større. Me ser kor avhengig alle er av fellesskapet, og kor viktig det er at fellesskapet stiller opp når det er nødvendig. Men me må også sørga for at når fellesskapet stiller opp, skal ikkje enkeltpersonar kunna å «fylla lommane sine» på kostnad av oss .alle.

1.mai bygger på verdiar som framover får nye uttrykk og som skal kjempast for: Rettferdig fordeling, solidaritet med dei svake, vern om naturmangfaldet, kamp mot klimatrusselen, utvikling av arbeidsplassar med klimavenleg teknologi og framtidsvon for menneske i alle land.

Gratulerer med dagen – god 1. mai!

Guri L. Ravatn
gruppeleiar/lokallagsleiar Vindafjord SV