Vikebygd: Det er fast tradisjon med felles tur opp til flaggheising på toppen av Trodlanibba (536 moh) kl.07.00. Ekstra strålande, klart vêr i år med fantastisk utsikt over heile Sunnhordland og Haugalandet.
Foto: Roald Aarvik
Morgonspreke vikebuar som starta fjorårets feiring med flaggheising høgt til fjells. Arkivfoto: Roald Aarvik

Send oss ditt 17. mai-bilde

Mange vil feira nasjonaldagen heime dette året. Dei omfattande tiltaka mot spreiing av koronasmitte gjer at lite blir normalt med årets 17. mai. Men ein alternativ folkefest blir det likevel.

Grannar håpar på hjelp frå lesarane til å dokumentera litt frå korleis den store flagg- og bunadsdagen blir markert i dette unntaksåret, enten det er heime, på tur i naturen eller som tilskodar til eller deltakar i programma som er planlagt i dei ulike bygdene.

Takka vera kreative eldsjeler blir det likevel grunn til å gå ut for å oppleva båtkonvoiar, bil- og traktorkortesjar og samlingar kl. 13.00, då heile nasjonen saman skal syngja Ja vil elsker dette landet.

Me lagar album på grannar.no. av bilda som kjem inn.

Send bidrag til:

redaksjon@grannar.no

eller MMS til tlf.nr. 975 70 789

Me ber om namn på fotograf, kor bildet er frå og eventuelle namn på personar (frå venstre)!

Grannar ynskjer alle ein god 17. Mai!

Mvh
Arne Frøkdal
redaktør