44-20-katten til anne britt håland

Ikkje nok kunskap om kattehald

Eg vil dele mine meiningar rundt dette med kattehald. Dyrevernsorganisasjonar rundt om i landet kjempar for å auke statusen til katt på lik linje med hund.

Eg har inntrykk av at i typiske bygdesamfunn som Skånevik, Etne og Ølen, er det fortsatt ein veg å gå.

Heldigvis er der mange katteeigarar som eg veit bryr seg om katten sin. Men det er likevel fleire som ikkje er klar over dette:

Årleg helsesjekk og vaksine er utruleg viktig, i tillegg til kastrering/sterilisering og ID merking.

Ved ein årleg sjekk lyttar veterinæren på hjarta, veg katten, sjekkar tennene mm.

Til liks med menneske kan kattar få tannstein. Om dei går med det lenge kan det bli smertefullt, og tenner måtta trekkjast.

Dessutan er det i hovudsak tre smittsame kattesjukdommar ein får årleg vaksine mot. Så om ikkje katten din er 100 % innekatt eller du bur langt vekk frå andre naboar med katt, er dette veldig viktig.

Dette med skikkeleg mat er det òg mange som ikkje har kunnskap om. Til dømes Friskies, Whiskas og andre typar tørrfôr ein får kjøpt på butikken, bør ein styre unna.

Det inneheld lite næring, mykje salt som er skadeleg for katten, og det kan gi urinstein. Kastrerte kattar er særleg utsett for krystallar i urin og skal ha spesialfôr. Veterinær skal opplyse om dette, men ikkje alltid det vert hugsa på i travle dagar.

Billig tørrfôr inneheld i tillegg mykje korn, som kattane ikkje drar nytte av. Det er berre magefyll, og kan forårsake diabetes og overvekt.

Kjøp tørrfôr hjå veterinær eller på dyrebutikk. Plantasjen/hagesenter sel òg.

Om du ikkje tar deg råd til nødvendige/årlege veterinærbesøk og skikkeleg kvalitetsmat, bør du ikkje ha katt. Har du lite å rutte med, opprett ein sparekonto der du har eit fast trekk per månad.

Det er lurt å ha ein buffer uansett, til uføresette utgifter. I verste fall må ein ta opp lån om det skulle skje noko.

Kunne det ikkje vore ein ide å starta ein frivillig dyrevernsorganisasjon i distriktet, som hjelper heimlause kattar? Me har ein slik organisasjon der eg bur, og me har Dyrebeskyttelsen i både Haugesund og Bergen, samt Kattens Vern i Fyllingsdalen for å nemne nokre.

Til slutt ei viktig påminning: ser du ein litt shabby/forkommen/ustelt/skada katt, ikkje berre trekk på skuldrene og gå vidare. Meld ifrå. Me har alle hjelpeplikt.

Er du bekymra over dyrehald, same om det er hund, katt, kanin eller gardsdyr; tips Mattilsynet. Du kan vere anonym.

Mine kunnskapar er baserte på eigne erfaringar, samt at eg har jobba på dyreklinikk og tatt ernæringskurs om katt og hund. Eg er oppvaksen på gard og hatt dyr heile livet, og eg deler gjerne mine kunnskapar om nokon har spørsmål.

Anne Britt Håland
dyrevenn

Anne Britt Håland har klare meiningar om godt kattehald.
Foto: Privat