Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Mista dekket – trefte annan bil

Politiet melder om eit mindre trafikkuhell på E134 i Etne tysdag ettermiddag. Hjulet på ein hengjar fall av og trefte ein annan bil. Ingen skal ha kome til skade og uhellet førte heller ikkje til større trafikale problem. Politiet rykte ut til staden for å føreta nødvendige undersøkingar, opplyser Sør-Vest politidistrikt.