Skribenten tar opp Grannar sin bruk av stadnamn i sommaravisa.
Skribenten tar opp Grannar sin bruk av stadnamn i sommaravisa.

Namn i fjellet

Grannar hadde i sitt sommarmagasin ei kjekk og nyttig oversikt over turmuligheter i grendene våre. Ein tur som vert tilrådd, er til Bjønndalsvio, eller Vio som området og vert kalla – eller Bjørndalsvida som det står i Grannar. Det er nok Grannar som har funne dette namnet på kartet, for informanten nytta namnet Vio. Hadde lokalavisa sett på eit litt eldre, men ikkje gammalt kart (1988), hadde den måtta ha brukt ordet Bjørndals-svida.

Kart frå 1858 og 1861 nyttar namnet Bjørndalsvidden. Gradteigskart frå 1936, 1940, 1960 og 1960 har namnet Bjørndalsvio. I daglegtale er preposisjonen på eller oppå nytta, på /oppå Vio.

Dette er dessverre eit eksempel på at Statens kartverk omformar vårt talespråk, dialekt. Dette gjer dei etter sine retningsliner, men uansett. Etter desse reglane skal o-ending hos oss i skriftleg form vera -a. Same reglar seier at bokstaven d ofte er stum etter vokal i vår dialekt. Dermed vert skrivemåten Bjørndalsvida, som vart vedteken i 2003.

Talespråket er i stadig endring, men gamle namn, fylte med kulturhistorie, bør ein vera forsiktig med å endra. Det som vil skje her, er at folk som ikkje har kjentmannskunnskap om dette området, etter kvart vil ta til å nytta – vida som namn, og uttala det slik. Det er nok få som les dette på kart som vil ha kunnskap om at det eigentleg er vio det står. Det har skjedd eit namneskifte.

Reidar Berge
Etne