Eit vitne til hendinga har teke dette biletet. Foto: PRIVAT
Eit vitne til hendinga har teke dette biletet. Foto: PRIVAT

Fritidsbåt totalskadd i brann

Politiet meiner at teknisk svikt kan vera årsaka.

Klokka 02.02 natt til onsdag fekk politiet melding om brann i ein båt som låg til kai i Ølensvåg. Først var det uvisst om det var personar ombord, men då politiet tok kontakt med båteigar kunne han bekrefta at det ikkje skulle vera nokon der.

— Det er snakk om ein fritidsbåt av større verdi, ein cabincruiser på 56 fot, opplyser operasjonsleiar Andres Oppedal i Sør-Vest politidistrikt, til Grannar.

Båten blei totalt utbrent.

— Politiet antar at årsaka til brannen er ein teknisk svikt i båten. Det var ikkje andre båtar involvert i brannen, og båten skal ha søkkt ned, seier Oppedal.

Grannar har vore i kontakt med eigaren av båten, som ønskjer å vera anonym.

— Eg veit ingenting om kvifor dette har skjedd, det er uforklarleg for oss. Eg er svært glad for at det ikkje var nokon ombord, det er det viktigaste av alt, seier båteigaren.