Helse Fonna skjerpar inn besøksreglane grunna auka i covid 19-tilfella.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Helse Fonna skjerpar inn besøksreglane grunna auka i covid 19-tilfella. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Helse Fonna strammar inn besøksreglane

Pårørande som har vore i utlandet får ikkje komme på sjukehusbesøk før etter ti dagar.

Helse Fonna har skjerpa inn rutinane for besøk, og pårørande som kjem på besøk blir no spurde om dei har vore i utlandet i løpet av dei siste ti dagane.

Gjeld også Norden

Innstramminga gjeld alle land, også Norden.

I meldinga heiter det at Helse Fonna så langt som mogeleg vil leggje til rette for besøk til pasient innlagt i sjukehus under koronapandemien.

— Den enkelte sitt behov for besøk må vurderast opp mot risiko for smittespreiing og risikofaktorar hos den enkelte, skriv helseføretaket på si eiga nettside.

Dette er reglane i Helsa Fonna:

• Alle besøkande får spørsmål om mogeleg smitte og gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast ved besøk.

• Besøkande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon eller vore i utlandet siste 10 dagar, kan ikkje komme på besøk.

• Pasientar med uavklart covid 19 skal ikkje ha besøk.

• Besøkstid er mellom kl 16.00 og 17.30 alle dagar.

• Besøkande må utføre god handhygiene, handvask eller spriting, når dei kjem inn på sjukehuset og når dei går inn og ut av pasientrom. Dei må informerast om å halde 1 meter avstand.

•1 besøkande per pasient

• Besøk inntil 30 minutt på fleirsengsrom

• Besøk inntil 1 time på enkeltrom

• Unntak kan gjerast dersom det er strengt nødvendig.