Sterk oppmoding frå innsendaren av dette lesarinnlegget, om å la den gamle steingarden på Liaheia stå.
Foto: Privat
Sterk oppmoding frå innsendaren av dette lesarinnlegget, om å la den gamle steingarden på Liaheia stå. Foto: Privat

La steingarden stå

Det undra meg at steingarden over Liaheia må vike for trafikksikkerheita. Er kommunen ajour og orientert utan innvendingar i saka?

Fakta:

Aktuelle steingard langs E134 over Liaheia er eit solid minne over farne tider og slike vert i dag verna landet rundt som kulturminne. Så kvifor ikkje også verna denne steingarden vidare? (Er det funn av fortidsminne på gardane våre så er det strenge reglar for å gjera inngrep!)
Det er Statens vegvesen som visstnok treng breiare vegbane grunna ruglefelt.

Godt tiltak, for ingen er imot betre trafikksikkerhet. Same nytta får ein om auka vegbredde vert lagt til på andre sida. Sykkel- og gangvegen på andre sida av steingarden opplevast trygg med steingarden som buffer mot biltraffikken.

Då denne vart laga med solid dugnad frå bygdefolket var det ikkje snakk om at steingarden skulle fjernast.

Eg undrar meg også over at det her må lagast plass for ruglefelt som eit sikringstiltak, medan det langs E134 vidare frå Kalveland til Våg manglar plass for syklande og gåande. Her har Statens vegvesen laga til rekkverk så det er nærast uråd å gå langs vegen. Ved ei møteulykke har du ingen muligheit for å styra unna og ut i veggrøfta.

Historisk tilbakeblikk

Stein har bygda nok av, men denne steingarden er eit vakkert historisk synleg, nyttig, kulturminne og samstundes eit godt skilje mellom bil og gåande over Liaheia:
Liaheia vart slik den framstår i dagens kulturlandskap til ved rydding, kanalisering, grøftegraving for hand og dyrking. Då kom steinen til nytte ved steingardsgjerde – for å hegna inn for ku og sau som denne steingarden er eit godt døme på.
Oppdyrkingsarbeidet over Liaheia kom istand som lokalt «nødsarbeid» for arbeidsløyse rundt 1915/1920 åra altså for vel 100 år sidan.
Gardsbruka til Tveit, Hustveit, Svendsen og Steinnes med fleire, kom alle hit – Hustveit og Steinnes frå Haugesund, som «bureisarar». Dei bygde først løa som var viktig for å koma i gang som bønder, og seinare vart det hus og familie. (ref. art. frå Haugesunds avis om bureisingsarbeidet).

Oppmoding til kommune, fylke og Statens vegvesen:

Det er ikkje for seint å snu: Legg heller utvidinga av Europavegen 134 på motsett side av vegen slik at denne vakre steingarden mellom vegen og gang/sykkelveg får «leva» til glede for nye generasjonar
bygdefolk og andre interesser.

La oss seia ifrå NÅ. For i denne saka er det ingen som taper, her er alt å vinna for alle partar om kulturminnet steingarden får bestå.

Og Europavegen får breiddetillegget sitt på motsett side enn gjeldande plan.

Eg trur ikkje Risa AS sitt arbeid vert dyrare om nyvegen kjem til på motsett side av steingarden.

La oss vera litt historiebevisste og la steingarden over Liaheia vera eit synleg minne frå farna dagar til glede for oss i bygda og komande generasjonar.

Kåre Daniel Breivik
Skjold