Mange frivillige har meldt seg etter den sakna mannen i Skjold.
Foto: Torstein Tysvær Nymoen
Mange frivillige har meldt seg etter den sakna mannen i Skjold. Foto: Torstein Tysvær Nymoen

Mann (59) sakna i fjellet i Skjold

Store styrkar leitar etter etter ein 59 år gamal mann som er sakna i fjellet i Skjold. Det er også sett inn redningshelikoter.

 

Politiet fekk cirka klokka 15 sundag varsel frå pårørande til ein 59 år gamal mann. Dei forklarte at mannen ikkje hadde kome heim frå ein fjelltur i Skjold laurdag.

— Pårørande hadde då prøvd å ringe han, utan å få svar, opplyser operasjonsleiar Toralv Skaarland ved Sør-Vest politidistrikt.

Har funne motorsykkel

Mannen sin motorsykkel er funne parkert ved Lintjørna, nordaust for Skjold. Motorsykkelen er i kveld utgangspunktet for det som blir eit større søk.

Helikopter-søk

Det er nå sett inn redningshelikopter i søket.

I tillegg er frivillige organisasjonar kalla ut. Politiet vil i tillegg søke med eigen hund.

— Det vil også bli vurdert å setje inn helikopter i søket, seier operasjonsleiar.

Mange sambygdingar

33 mannskap med utstyr frå @FORF_no er på staden, tre hundeekvipasjar frå

@redningshunder og ca. 70 sambygdingar er deltar søket.
Politiet har lagt ut denne beskrivelsen av sakna: Mann, 59 år, ca 180 cm høy, mørkt hår.

Politiet er på plass med ein stor stab for å leita leiteaksjonen i Skjold. Foto: Torstein Tysvær Nymoen

Innsatsleiar for politiet, Terje Heldal seier til Grannar at dei frivillige er frå Røde Kors avdeling Haugesund, Etne, Bømlo og Karmøy, Norsk Folkehjelp Haugalnadet og Roverene beredskapsgruppe frå Karmøy, og at hundane frå Norske Redningshunder. I tillegg har politiet eigen hundepartrulje.

Eit Sea King redningshelikopter kom til staden like etter klokka 20.00.

Mange frivillige er blant dei store mannskapa som deltar i søket. Foto: Torstein Tysvær Nymoen

Det skal nå vera meir enn 80 frivillige som har meldt seg til å delta i leiteaksjonen. Dei har fått tildelt område å gå i, men har fått streng beskjed om å vera attende ved midtnatt.

Me oppdaterer saka.

Meir enn 80 sambygdinger deltar i leitinga sundag kveld.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Roy Worum frå Haugesund Røde Kors Hjelpekorps orienterer dei over 80 sambygningene om at dei kan starte søk.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Eit Sea Kng redningshelikopter frå Hovedredningssentralen for Sør-Noreg deltek i leitinga.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Leitemannskap ved Lintjørna i Skjold.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

ATV-ar på veg inn i fjellområdet med leitemannskap.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN