Line Vold frå FHI på dagens pressekonferansen der regjeringa strama grepet for å hindra at koronasmitten breier seg ytterlegare.
Skjermpump NRK
Line Vold frå FHI på dagens pressekonferansen der regjeringa strama grepet for å hindra at koronasmitten breier seg ytterlegare. Skjermpump NRK

Regjeringa stramar til

Regjeringa følgjer tilrådinga frå Folkehelseinstituttet og bremsar opp. Planen var å opna samfunnet ytterlegare, men nå skjer det motsette.

Auka smitte i Noreg den siste veka, har fått regjeringa til endra planane om å letta ytterlegare på tiltaka som er innførte mot korona-pandemien. Dette går blant anna ut over restaurantbransjen der det frå laurdag blir innført stopp i skjenking av alkohol etter kl. 24.00 over heile landet.

— Det er i dag lite smitte, men ein urovekkande auke. Difor må me bremsa opp for å stansa utviklinga og for å unngå ein bråstans, sa helseminister Bent Høie under fredagens pressekonferanse.

Rammar lokalfotballen

Oppbremsinga rammar også breiddeidretten, som fotball i lågare divisjonar for vaksne. Seriefotballen for desse har aldri kome i gang dette året, og det vil vera mange skuffa fotballfolk nede i divisjonane, der håpet var å gjennomføra ein enkel serie runde før jul.

På pressekonferansen blei det ikkje gitt signal om når kampane kan starta.

Regjeringa held fast på at maks 200 tilskodarar på arrangement, blir ståande inntil vidare. Her var planen å auka til 500 frå 1. september, dersom smittesituasjonen var tilfredsstillande.

På pressekonferansen opplyste avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet at dei nå frårår alle reiser til utlandet, sjølv om landet er «grønt».

Ventar med munnbind-tiltak

FHI vil førebels ikkje koma med krav om bruk av munnbund i Noreg, men vil bruka tida fram til 14. august før det kjem ei tilråding. Èinmeters-regelen blir sett på som det viktigaste tiltaket, i tillegg til hygienetiltak som handvask, hoste i armkrok og halda seg heime når ein har hoste og andre smittesymptom.

— Munnbind er ikkje eit alternativ til å halda minst éin meter avstand til andre. Er situasjonen slik at det er vanskeleg å halda éin meters avstand, kan det vera aktuelt å tilrå munnbind på kollektiv eller stader der det er vanskeleg å halda avstand, seier Vold.

Tidlegare på dagen blei det kjent at FHI krev ti dagar karantene, heime eller på anna eigna stad, for alle som kjem til Noreg frå «raude» land. Dei av desse som brukar kollektivtrafikk, skal bruka munnbind til karantenestad.