To politipatruljer rykte ut tysdag ettermiddag, då ein person følte seg trua av ein anna person i bygda. 
Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsbilde

Trafikkulykke vest for Knapphus

Eit einsleg køyretøy av vegen.

Naudetatane rykte onsdag føremiddag ut til ei trafikkulykke to kilometer vest for Knapphus.

110-sentralen Sør-Vest meldte om ulykka klokka 10.13, og dei sende ut mannskap frå Skjold brannstasjon ut.

Også politi og ambulansen kom til staden.

Einsleg køyretøy

Ifølgje operasjonsleiar Toralv Skårland i Sør-Vest politidistrikt var det eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen og hamne nokre meter ned i ei skråning.

Det var ein person i bilen, ein mann i 80-årene. Han kom ikkje til skade.

Beslagla førarkortet

Mannen har forklart at han har duppa av. På bakgrunn av det er førarkortet beslaglag og han formelt sikta for aktlaus kæyring.