Arbeidsløysa går gradvis ned, melder NAV Rogaland.Illustrasjonsfoto
Arbeidsløysa går gradvis ned, melder NAV Rogaland.Illustrasjonsfoto

Arbeidsløysa kryp vidare nedover i Rogaland

Nedgangen i arbeidsløysa held fram med å gå ned. Det viser nye tal frå NAV Rogaland.

Publisert Sist oppdatert

Vindafjord er blant kommunane som opplever at talet på heilt ledige går ned frå veke til veke. Siste tal viser 139 ledige, som utgjer 2,9 prosent av dei sysselsette. I løpet av dei fire siste vekene har talet på personar heilt utan arbeid gått ned med 31, eller 0,6 prosentpoeng.

Den ferske vekeoversikten frå NAV viser at per 15. september er 10.136 personar heilt utan arbeid i Rogaland. 7.491 personar er delvis arbeidslause, og 728 personar går på arbeidsretta tiltak.

Den siste veka har talet på personar heilt utan arbeid blitt redusert med 343 personar i fylket. 10.136 personar utgjer 4,0 prosent av arbeidsstyrken. Snittet for Noreg er 3,8 prosent.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS