Tragedien i Moria-leiren i Hellas engasjerer mange.
Foto: REUTERS/Alkis Konstantinidis
Tragedien i Moria-leiren i Hellas engasjerer mange. Foto: REUTERS/Alkis Konstantinidis

Det får vera måte på

Eg klarer ikkje tia. Eg må ta «til pennen» og skriva ut sjokk og medkjensle over hendinga i flyktningeleiren Moria. Her er 13.000 menneske samla, mange barn og familiar. I lengre tid har dei levd under i uverdige tilhøve, med mangel på det meste. Og, så vart leiren ramma av brann. 13000 barn og vaksne, som ikkje har og eig noko, jaga på flukt av flammane.

Sjokk og medkjensle vart diverre avløyst av frustrasjon og vantru: Norge vil ta i mot 50! Hæ?? 50? Er dette innsatsen til eit av verdas rikaste land, i nærområdet til den ramma leiren? Kva smålighet er dette? Det får vera måte på!
Og så; frustrasjonen og vantrua vart avløyst av skam! Ja, eg kjende skam då eg såg og høyrde statsministeren sin kommentar: «Norge skal ikke løpe først hver eneste gang!» Brannen utløyste ikkje at desse 50 nå skulle bli tatt i mot. Nei, det var bestemt frå før. Kva menneskesyn er det regjeringa uttrykker her? Kva verdiar og prioriteringar? Det er ufatteleg! Nei, kom an KrF og V, skam dokker og press på for at Noreg skal ta imot mange fleire enn dei smålege 50!

Tenker du at synspunkta mine er styrt av kjensler? Ja, det er dei og det skammar eg meg ikkje over. Eg er glad for at eg kjenner det djupt, når slike hendingar rammar svake. Det er lov å bli lamma av vantru når dei ein ønskjer å ha tillit til gir uttrykk for slike haldningar. Og, tenk; media er full av kommunar, fagmiljø, biskopar, ordførarar og folk flest som viser same kjenslene som meg!

Dette innlegget skriv eg som privatperson, men legg til at eg er stolt medlem i og folkevald for SV. SV har klare haldningar til å hjelpa svake grupper. Nå er det Moria det gjeld. Eg oppmodar lokale partimedlemmer i alle andre parti, særskild regjeringspartia: Pressa på for at Noreg skal ta ansvar: #50ERIKKJENOK!

Guri L. Ravatn
Ølen