John Karsten Hustveit har stengt kafeen ved Åkrafjordtunet, og til samen seks tilsette er sendt i karantene som følgje av at dei fekk besøk av covid-19-smitta pensjonistar måndag.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
John Karsten Hustveit har stengt kafeen ved Åkrafjordtunet, og til samen seks tilsette er sendt i karantene som følgje av at dei fekk besøk av covid-19-smitta pensjonistar måndag. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

— Ei sjokkarta oppleving

Dagleg leiar John Karsten Hustveit og fem andre tilsette ved Åkrafjordtunet AS sit i karantene etter å ha hatt besøk av Covid 19-smitta gjester.

— Det som eit sjokk, seier John Karsten Hustveit.

Han fortel om korleis han opplevde å få stadfesta at bussen som var så mykje omtalt i media tysdag kveld, grunna at 31 av om lag 40 passasjerar hadde fått påvist Covid 19-smitte, var den same som hadde vore innom Åkrafjordtunet måndag ettermiddag.

Stadfestinga fekk han då han sjølv tok nokre telefonar til Stavanger sent tysdag kveld, etter å ha sett på nyhende-sendinger på fjernsyn tysdag kveld.

Han sette då alle som hadde vore på jobb, inkludert seg sjølv, i karantene. I samråd med smittevernlege Elisabeth Winterthun i Etne kommune ble kafeen også stengt, mens butikken held open.

Rutinemessig korona-reinhald

Hustveit fortel at dei allereie hadde gjennomført rutinemessig nedvasking av kontaktflater etter at bussen hadde forlete Åkrafjordtunet klokka 15 måndag.

— Det er noko med alltid gjer når me har hatt grupper på besøk, som eit smitteverntiltak, fortel han.

Kor mange som var innom butikken mellom klokka 14 og 15 tør han ikkje anslå.

— Det er ikkje den travlaste tida. Men nokon var det, seier han.

Han fortel at dei no samarbeidar med Etne kommune sin smittevernlege og med Folkhelseinstituttet i sporingsarbeidet.

Registrerer ved arrangement

Han må no belage seg på å jobbe frå heimekontor ei stund. Han beskriv situasjonen han og verksemda han driv og eig har hamna i som trist for alle som er involvert i hendinga.

Hustveit fortel elles at dei registrerer alle som deltek på arrangement ved Åkrafjordtunet med namn og nummer, men at dette førebels ikkje har omfatta tilfeldige gjester i kafeen og butikken. Det er det heller ikkje krav om frå myndigheitene.

— I etterpåklokskapens namn ser vi jo no at det ville vore nyttig om vi hadde gjort det, med tanke på at det ville ha forenkla arbeidet med smittesporing, seier han.

Ingen av dei tilsette som er i karantene hadde ved 11-tida onsdag utvikla symptomar på Covid-19.

I høve til kommunen sine retningslinjer blir dei ikkje testa om dei ikkje utivklar symptom.

Butikken ved Åkrafjordtunet er open, men som følgje av at dei fleste tilsette er set i karantene reknar han med å måtte halde kafeen stengt i alle fall til over helga.