Politirevisor Bjørn Jonny Grønningen (t.v.) og politiadvokat Rune Gjertsen starta måndag med å leggja fram samtaledokumentasjon mellom tiltalte og dei som seier seg utsett for svindel.
Erkjenner delar av siktinga
Det er sett av seks dagar til rettssaka mot den bedragerisikta mannen frå Grannar-distriktet, og måndag var første dag i Jæren tingrett. Mannen er tiltalt for seks tilfelle av grovt bedrageri mot personar og bedrifter, i tillegg til å ha forfalska dokument og lete dei framstå som ekte eller uforfalska.
To av tilfella gjeld Halldor Ebne og Skånevikstrand Maskinstasjon AS, som til saman seier seg svindla for over sju millionar kroner.
Over sju millionar