Samferdslepolitikar Arne Bergsvåg (Sp) var ikkje kjend med at nedlegging av ferjesambandet til Utbjoa er på fylkespolitikarane sitt bord i Hordaland.
Arkivfoto
Arne Bergsvåg (Sp) frå Vindafjord er fylkesvaraordførar i Rogaland. ARKIVFOTO

Frp – velkomen etter!

Måndag kunne ein sjå representantar frå Framstegspartiet (Frp) ute i Grannar og gje løfter om at med Frp som støtteparti i regjering skal endeleg E134 prioriterast. Representantane har tydelegvis gløymt at dei har hatt samferdsleminister i seks år, og har kunne gjort noko med denne vegen.

Faksimile av oppslag i Grannar måndag 21. september.

Senterpartiet har prioritert tunnelane over Haukeli med oppstart i 2019, men etter regjeringsskifte har denne prioriteringa falle ut. I inneverande Nasjonal transportplan (NTP) utset samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen den planlagde oppstarten. Det er difor gledeleg at Frp nå ønsker å støtte Senterpartiet i å få realisert tunnelane over Haukeli.

Me i Senterpartiet ser kor avgjerande viktig strekninga Bakka-Solheim, som heller ikkje har blitt prioritert i siste NTP, er. Det som må vere det overordna målet for E134 inn i komande NTP, er at E134 blir prioritert med ei samanhengande utbygging i tråd med vegvesenet si aust-vest-utgreiing. Denne utgreiinga konkluderer med ei heilskapleg utbygging av E134 med arm til Bergen.

Lisa Marie Ness Klungland
fylkesleiar i Rogaland Senterungdom
Arne Bergsvåg
fylkesvaraordførar, Rogaland (Sp)