Ikkje mange veger i Noreg har så mykje næringstrafikk som E134 gjennom Etne og Vindafjord. Likevel er det denne delen av E134 som er dårlegast på strekninga frå svenskegrensa til Karmøy. I dette lesarbrevet lovar Høgre å prioritere E134 i arbeidet med Nasjonal transportplan.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ikkje mange veger i Noreg har så mykje næringstrafikk som E134 gjennom Etne og Vindafjord. Likevel er det denne delen av E134 som er dårlegast på strekninga frå svenskegrensa til Karmøy. I dette lesarbrevet lovar Høgre å prioritere E134 i arbeidet med Nasjonal transportplan. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Høgre vil prioritere E134

Grannar har i sin leiar 21/9 sett seg føre å kome med ein konspirasjonsteori. Som dei fleste slike, har den lita rot i røynda. Det var ingen som øydela for Haukelivegen ved sist NTP, ei heller for andre vegprosjekt. Haukelivegen fekk fullfinansiering av Røldal-Seljestad og oppstart på Vågsli-Røldal i Nasjonal Transportplan (NTP). I NTP før det var ingen av desse prosjekta prioritert med anna enn konseptvalutgreiing.

Men alle ynskje Vestlandet hadde kom ikkje med. Nokre fordi dei ikkje hadde tilstrekkeleg planavklaring, det var til dømes tilfellet med arm til Bergen. Ein transportplan løyser ikkje all trong for ny veg med eit slag. Vi hadde ein tung arv å ta over då Høgre sette seg i posisjon i 2013. Sjølv om samferdselsbudsjettet er auka med 80%, er der framleis trong for meir midlar for å kome opp dit vi ynskjer å vera.

Var det noko som øydela for prioritering av E134, så var det to ting. Det eine var at Hordaland fylkeskommune argumenterte meir for andre store prosjekt, det andre var at jernbane vart prioritert særs høgt.

Men samstundes var prioriteringa av E134 over Haukeli på over 3 milliardar. I perioden før, var den 0. Dersom NTP vert følgd, vil det og kome ytterlegare nær fire milliardar i neste bolk, til saman nær 7 milliardar. I norsk samferdsle er dette ikkje eit svik, det er ei prioritering. Det største einskilde samferdsleprosjekt i Hordaland starta før denne NTP-en, Rådal-Svegatjørn, har ei mindre kostnadsramme enn dette.

Det er mange vegar i Noreg. Det er mange vegar som treng utbetring. Det er mange vegar som ikkje er bygde, men som må byggjast. Høgre vil prioritere E134. Samstundes veit me at samferdslepolitikk ikkje er sprint, det er dobbel maraton. Ein byggjer stein på stein. Men for å få det til, må vi stå saman om E134, ikkje skulde på kvarandre. Det kan òg tenkjast at det er krefter andre stader i landet som vil ha ny veg, og dei tener mest på at vi kastar stein på kvarandre i staden for å samle oss om mest mogleg og best mogleg veg til Vestlandet.

Det er nemleg dei som meiner det vert bygd for mykje veg her i landet, og særskilt på Vestlandet. Der er overfor desse kreftene kampen står. Vi må ikkje gjere dette til ein intern kamp og med det setje krokfot på oss sjølv.

Lars Olav Bergsvåg (H, Etne)
Tom-Christer Nilsen (H, Stortinget)
Liv Kari Eskeland (H, Stortinget)