Lisa Marie Ness Klungland er oppvaksen like nedanfor denne grassletta på Nerheim i Ølen. Etter sommaren byrjar ho i fast jobb i Stavanger, men ser ikkje vekk frå å flytta heimover igjen. Foto: ANITA HAUGLAND
Lisa Marie Ness ytrar seg om Norconsult sin rapport om framtidig barnehage- og skulestruktur i Vindafjorfd. Arkivoto: ANITA HAUGLAND

Nei til nedlegging av barnehagane og skulane våre!

For nokre veker sida kunne ein sjå at Norconsult foreslår kroken på døra for minst fire barnehagar og seks skular i Vindafjord kommune. Dette vil vere katastrofalt for mange av bygdene våre. Me i Senterungdomen vil at det skal bu folk i heile kommunen. Me ønsker ein desentralisert skulestruktur og ein skule som utnyttar lokale og regionale fortrinn og speler på lag med nærmiljøet. Barnehage og skule skal vere i nærleiken av der du bur.

Det er andre faktorar enn økonomi som er viktig for oss i Senterungdomen. Me meiner at barn og unge skal få bruke fritida si på å vere barn og unge og ikkje til å sitte på skulebuss. I rapporten til Norconsult er ikkje desse faktorane tatt med. Det er mange konsekvensar ved skuleskyss. Det er både tid- og velferdstap, men det er òg dokumentert at elevar med skyss er i dårlegare form enn dei som går eller syklar til skulen. Alt dette reduserer livskvaliteten for den enkelte, og gjev etter kvart utslag på helse- og sosialbudsjettet for kommunane.

Det er fleire årsaker til at skular blir lagd ned: Lågt og minkande elevtal, økonomi og manglande kvalitet på skulane. Er manglande kvalitet tilfellet i Vindafjord kommune? Det er lite som tilseier det. Forsking seier at det er lite samanheng mellom elevtal og kvalitet i skulen. 

Dei lokalsamfunna som kanskje aller mest treng ein skule, er truleg òg dei som har minst sjanse til å trasse kommunen og økonomien. Om Norconsult sine forslag går gjennom, er dette trist for ungane, og det er trist for dei samfunna dei skal vekse opp i.

Lisa Marie Ness Klungland
fylkesleiar Rogaland Senterungdom