Kristian Resset og resten av opposisjonen trekte kravet om lovlegkontroll av ordføraren si handtering av saker som blir reist. Det ville blitt eit nytt nederlag hos Statsforvaltaren.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Rådmannen bestilte skulekutt – etterlyser at politikarane tar tak
Kristian Resset frå Bjoa bygdeliste meiner rådmannen styrer løpet i spørsmålet om skulenedlegging, og at politikarane er for lite involvert. Han meiner det har gjort skulebruksplanen til eit spørsmål om struktur og økonomi.
Bjoa bygdeliste sin representant i kommunestyret reiste eit grunngitt spørsmål til fungerande ordførar Tove Elise Madland (Ap) om kvifor kommunestyret, som til slutt skal bestemme over skuleframtida, ikkje er involvert i større grad.
Kristian Resset stiller blant anna spørsmål om kvifor ikkje konkurransegrunnlaget for barnehage- og skulebruksplanen som vart sendt ut på anbod, også vart politisk behandla.
Han meiner det som har skjedd så langt, har skapt frykt og at folk er usikre på kva som skal skje, og direkte sinne, slik han har opplevd det.