Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

23 fekk fartsbot – éin mista lappen

Heile 24 bilførarar var for harde på gasspedalen under ein fartskontroll på E134 i Åkrafjorden i regi av UP tysdag ettermiddag. 23 av fartssyndarane fekk køyra vidare etter å ha blitt ilagt forenkla førelegg, medan éin sjåfør blei anmeldt fekk førarkortet inndrege. Vedkomande var blitt målt til 119 km/t. Kontrollen blei halde i 80-sona ved Viskjer, melder Sør-Vest politidistrikt.