25 år med refleksvest til alle førsteklassingane
Godt over tusen reflekvestar har nok blitt utdelt sidan tradisjonen med la dei yngste elevane blir meir synleg i trafikken starta.
Lions-klubbane i Etne og Skånevik har som vane å dele ut refleksvestar til alle førsteklassingar i kommune. Heilt i starten på oktober fekk alle dei ferske elevane invitasjon til å ta turen innom Lions-huset som er i gangavstand frå Enge skule der elevane høyrer til.
Tradisjon i 25 år
Dette skjer i god tid før haustmørke morgonar set inn langs skulevegen. Representantar frå Etne Lions stod føre utdelinga.