Folk som har kommunalt drikkevatn i Skjold bør hamstre litt fordi Vindafjord kommune skal fornye reinseanlegget. For å vere sikker på å få normalt vatn bør det skje før tysdag morgon.
— Medan arbeidet pågår blir ikkje vatnet reinsa på vanleg måte. Ein vil difor kjenne lukt og smak av klor, og sjå at vatnet har ein mørkare farge enn elles, opplyser Marit Øverland Ilstad, leiar for kommunaltekniske tenester i Vindafjord kommune.
Ut veka
Ho tilrår at folk sikrar seg drikkevatn før tysdag morgon sidan vatnet må kokast frå og med tysdag kveld og inntil vidare. Vassnettet vil bli reingjort etter at arbeidet med reinseanlegget er ferdig. I denne perioden kan leveransen av vatnet bli ustabil og vatnet kan bli farga. Kommunen har sett av komande veke til arbeidet, og ber om minst mogleg ferdsel for folk og hundar i nedslagsfeltet ved Stemmetjørn og Holmavatn i denne perioden.