Kommunepolitikar Linda Skaar for Miljøpartiet dei grøne meiner det er viktig å få fram kva lokale bedrifter bidrar med i det grøne skiftet. Partiet vil gjerne bidra til samarbeid for å få fram gode, lokale klimatiltak. 
Foto: Jon Edvardsen
Nei: Linda Skaar (Uavhengig/tidlegare Miljøpartiet dei grøne).

Ein  framtidsretta skule, ein framtidsretta kommune? For kven?

Skule og barnehage debatten er starta og ein ser mykje frustrasjon blant innbyggjarane i Vindafjord. Den omdiskuterte rapporten er slept fri og det same er ytringsfriheita der ein kan lese mange gode innlegg i lokalavisa av engasjerte innbyggjarar, og fleire vil det nok bli. Samtidig ventar dei på reaksjonar frå dei folkevalde. Kva tenkjer dei? Og kva tenkjer dei med? Vil dei øydeleggje bygdene våre?

Forandring skapar frykt og press der ein opplever at ein ikkje har kontroll, dei forventningane ein sjølv har kjem i konflikt med dei oppfatningane andre legg vekt på.

Denne gongen ligg altså forventningane innan oppvekstsektoren. Oppvekstsektoren som er den som i stor grad klarer å følgje budsjetta sine, og der vindafjordtala på trivsel og læringsutbytte er gode.   Spørsmålet er då om me bør endra noko som fungerer? Ja, me må tenke økonomi og framtidsretta skular vert ofte svaret.. men kva er ein framtidsretta skule?

Vindafjord-skulen er som andre skular i landet inne i ein stor framtidsretta skuleplanlegging der fagfornyinga er tredd i kraft no i haust. Den mykje omtala  fagfornyinga inneheld eit nytt tankesett omkring læring der ein blant anna skal leggje meir vekt på lærelyst, dybdelæring, elevmedverknad og livsmeistring. Elevane skal få utforske meir, vera kreative og aktive. Dette kan dei lære ute eller inne, pedagogane rammar elevane inn i det læringsmiljøet dei ser kan utvikle elevane. Vindafjord-skulen har slik eg ser det alle moglegheiter til å møte den nye fagfornyinga. Me har høg kompetanse i alle skulane og engasjerte lærarar som i desse dagar gjer alt dei kan for å endre sitt eige tankesett for å møte elevane der dei er og lose dei inn i fagfornyinga. Me skal vere stolte over bygdene og dei flotte skulane, der to av dei òg er oppvekstsenter. Me skal vere stolte av at me har alle moglegheiter for å leggje til rette for fagfornyinga og eit utforskande læringsmiljø, slik skulane i alle bygdene ligg i forhold til fjord, fjell og natur. Ikkje alle i landet har denne moglegheita til å gå rett ut i naturen. Likevel er inntrykket mitt at me ikkje heiar nok på det me har, men vil ha noko anna? Kor vert det av heilskapen?

Eg trudde det var slik at når ein gjer ein analyse og innhentar data er det med bakgrunn i oppretthaldande faktorar knytt til eit problem. Slik det ser ut no kan det vere at ein heller er med å skape nye utfordringar dersom ein ikkje tenkjer heilskapleg og berekraftig, for er det berekraftig å leggja ned gode skular i levande bygder? Kva vil då skje med dei levande bygdene som fleire av partia i kommunestyret snakkar så varmt om? Vil dei i framtida få nye innbyggjarar, vil desse stadene bli prioriterte som eit val å flytte til. Uavhengig av kva rapporten frå Norconsult peikar på tenker eg at dei folkevalde må tenke heilskapleg og berekraftig, som inngåande handlar om å ha ein god plan for framtida ,planeten og alle som bur der. Mitt spørsmål er då: treng alt å bli stort og større? Eller kan ein på ein berekraftig måtte oppretthalde levande bygder med ein skule og barnehage i kvar bygd? Me i Miljøpartiet dei grøne trur det. Me brenn for levande bygder og det er eg sikker på at dei fleste i kommunestyret gjer, nå gjenstår det berre å synleggjere det.

Linda Skaar
Miljøpartiet dei Grøne
Vindafjord