Kristian Haraldson Resset er kommunestyrerepresentant  for Bjoa bygdeliste. 
Foto: Jon Edvardsen
Kristian Haraldson Resset er kommunestyrerepresentant for Bjoa bygdeliste. Foto: Jon Edvardsen

Ein saneringsverdig rapport

Konsulentverksemda Norconsult leverte i august frå seg ein rapport som skulle vera grunnlag for å lage ein barnehage- og skulebruksplan for Vindafjord kommune. Kommunedirektøren la rapporten ut direkte som høyringsgrunnlag 01.09.20. Formannskapet vedtok ei veke seinare at dette skal bli ein lenger prosess, utan å seie noko om kva rammer prosessen skal ha vidare.

Både formannskapet og kommunedirektøren meiner tydelegvis at rapporten er egna for folk flest. Han er eit drygt stykke lesing, med tung oppbygging. Innhaldsmessig er han inkonsekvent, subjektiv og ber preg av klipp-og-lim frå ymse kjelder. Vi trudde vi skulle få eit arbeidsverktøy til å sikre kvalitet i skule og barnehage for framtida, men har fått eit reklamemanifest for skulesentralisering.

Norconsult legg stor vekt på prognosar for elevtal, basert på deira eigne modellar. Her tar dei utgangspunkt i heilt ferske tal for å gi elevtalsutvikling for kvar einskild skule fram til 2035. I mars 2020 fekk Vindafjord kommune ei bustadanalyse utarbeida av Multiconsult. Dei vektlegg at «[Framskrivingar pr. bygd] er ikkje tilgjengelege, og ville samstundes ha vore særs usikre på grunn av lågt folketal, noko som gjer at ei flytting gjer store utslag i statistikken.». Det blir dermed usikkert om prognosar for lokale elevtal er å stole på når andre konsulentar vegrar seg for å gjera slike øvingar.

Nedtoning av konsekvensar er òg med på å redusere tilliten til rapporten. Rapporten har med direkte køyreavstand i bil mellom kvar barnehage, noko som er heilt irrelevant. Korleis ein kjenner ei barnehagenedlegging på kroppen kjem sjølvsagt av kvar ein bur og kvar ein har arbeidsstad, og kvar barnehagen er plassert i høve til dette. Konsekvensanalyser basert på reelle data om kvar folk bur og jobbar er heilt mogleg å få til.

Oversynet over tilleggsreise for elevar i grunnskulen ber preg av same underrapportering av konsekvensar. Norconsult nytter tider for direkte køyring med personbil frå Google Maps. Tar ein utgangspunkt i Kolumbus sine skuleruter og legg til moderat påslag dersom alle i ein krins må ta buss til ein annan skule, kjem ein på minst det dobbelte for til dømes Bjoa og Vikebygd. Denne reisetida kjem altså i tillegg til all reisetid før ein er framme ved eksisterande skule i dag. Tid med skuleskyss er ingen bagatell. Forsking knyter auka reisetid (1 mil eller meir) til både redusert trivnad, redusert  deltaking på aktivitetar utanom skuletid, søvnproblem, kvalme, hovudverk, redusert fysisk form, ryggproblem, med meir.

Spørsmålet om konsekvensar for lokalsamfunna og lokalt næringsliv har Norconsult hoppa bukk over å vurdere. I staden limer dei inn ei mengde ekstern tekst som gjer rapporten håplaust tunglese og berre er egna til å reise fleire spørsmål enn ein får svar på. Reknestykket tar ikkje med seg dei potensielle samfunnsøkonomiske verknadene nedlegging av barnehage og skule kan ha i eit lokalsamfunn og dermed for heile kommunen. På kort sikt ser det ut som vinst, rekninga kjem i form av reduserte skatteinntekter, auka driftsnivå og rekrutteringsproblem for næringslivet på sikt.

Trong til investeringar for Bjoa og Vats skular blir kunstig konstruert ved at dei blir stempla som «rivings- og saneringsverdige» utan ein tøddel av byggteknisk dokumentasjon i botn. Norconsult har ikkje ein gong synleggjort kva kostnad det ville vera å heve dei frå den statusen.

Når ein les rapporten kan det høyrast ut som om ein ikkje har drive forsvarleg skule i Vindafjord hittil. Skulane våre har år for år lagt så godt til rette for læring og trivnad at mange av åra har elevkull gått ut av grunnskulen med betre resultat enn landssnittet i ulike fag. I tillegg kan vi i stor grad syne til betre resultat i elevundersøkingar og fullføringsgrad i vidaregåande skule enn samanliknbare kommunar. Og dette har dei tilsette i skulane lagt til rette for i det Norconsult omtalar som rivings- og saneringsverdige bygg med låg pedagogisk funksjonalitet. Det tyder med andre ord på at kvaliteten i Vindafjordskulen er bra og har vore god i mange år. Rapporten dokumenterer ikkje  korleis ein sentralstruktur skal gje betre resultat. Tvert om har Norconsult allereie innrømma at tydeleg samanheng mellom skulestorleik og kvalitet ikkje finst i forskinga.

I utlysinga var det krav om stor grad av brukarmedverknad i sjølve rapportprosessen og folkemøte i bygdene er nemnt som del av dette. Denne medverknaden har mangla i stort monn, og kunne vore gjennomført langt på veg til tross for koronasituasjonen.

Det er òg pinleg at rapporten ber så tydeleg preg av klipp-og-lim frå arbeid for andre kommunar. To år og minst  ein kvart million kroner seinare er kommunedirektøren framleis langt unna noko som liknar på det vi ba han om i 2018: «Utarbeida barnehage- og skulebruksplan for å sikra kvalitet i dette tenesteomådet for framtida». Det vi førebels sit med er ein rapport som er så lite brukande at han helst er sundrivings- og saneringsverdig.

Kristian H. Resset
Bjoa bygdeliste