Slik vil dieseltanken sjå ut på tomta til Taraldsøy Transport på Tongane i Etne.
Foto: Norsk Olje AS
Fryktar trafikkauke og støy
Ei handfull naboar fryktar at etableringa av ein ny dieseltank på Tongane i Etne vil føra til auka trafikk og støy, og meiner kommunen har undersøkt for lite før dei gav byggeløyve. Kommunen meiner løyvet er gitt etter gjeldande reglar.
Tidlegare i år søkte Taraldsøy Transport om å etablera ein dieseltank på industrieigedomen på Tongane i Etne, som i hovudsak skal tena transportfirmaet sine eigne køyretøy. Søknaden blei nyleg godkjent av Etne kommune. Men ei knippe naboar ser ikkje positivt på planane om å få ein tankstasjon i nærleiken og har sendt inn klage på vedtaket.
I klagen signert fire gjenbuarar (naboar som ikkje grensar direkte) og ein naboeigedom blir det retta kritikk mot kommunen, som dei meiner har gitt byggeløyve på mangelfullt grunnlag. Dei meiner bruk av stasjonen, eventuell trafikkauke og trafikktryggleik, burde utgreiast før løyve blei gitt. Dei etterlyser også ei vurdering av støyplager knytt til trafikk og nedbremsing og oppstart ved bruk av fyllestasjonen. Dei fire eigedomane som ikkje grensar direkte til utbyggingstomta, saknar dessutan nabovarsel.
Etterlyser opplysningar