Originalt brukt. Familien som la søndagsturen til Langfoss fekk oppleve kor lunefull naturen kan vere. Dei vart til slutt redda ned med helikopter natt til måndag.
Arkivfoto
Ein kjenner og høyrer bruset frå elva godt frå parkeringsplassen på E134. FOTO: Torstein Tysvær Nymoen

Blei redda av helikopter

Ein mann på tur har onsdag føremiddag hamna i skårfeste i nærleiken av Langfoss i Åkrafjorden. — Han har det bra og ventar på hjelp frå frivillige, opplyser Sør-Vest politidistrikt. Lensmann Arild Austrheim opplyser til Grannar har dei må setja inn redningshelikopter fordi Etne Røde Kors finn det uforsvarleg å ta seg ned til mannen.

Mannen frå Haugesund som er i tidleg 20-årsalderen, hadde med seg telt og mat og var på veg frå Langfossstølen og ned til E134. På veg mot Langfoss kom han bort frå stien og gjekk seg skikkeleg fast, fortel lensmannen.

Turgåaren meldte frå kl 11.10 om at han trong hjelp. Redningshelikopter blei rekvirert kl 14.06 etter at dei frivillige ikkje kom seg ned til mannen.

Like over kl 15.30 kunne politiet melda at mannen var redda ut. — Han var godt kledd og forma var fin, opplyser operasjonsleiaren ved Sør-Vest politidistrikt.