Hektisk når 2.200 dyr per dag får frigjort ulla før lamma blir ført vidare til slakting
Ull frå lår og hale endar opp som teppe i England og den finaste svarte ulla kan bli bunadsstoff produsert i Gudbrandsdalen. Sorterarane har ein hektisk sesong når 2.200 dyr per dag får frigjort ulla før lamma blir ført vidare til slakting.
I den mest hektiske hausteseongen når dei firbeinte kjem ned frå fjellbeite, er det stort sett lam som blir slakta hos Nortura Sandeid.
Gunn Marit Owe og Janine Grimaas har til saman 40 år med erfaring i å skilje ullkvalitetane frå kvarandre. Det går raskt unna når ulla kjem flygande på rushebana ned frå taket.
Nortura har linjeslakt der lam og sau blir klipt etter at dei er avliva. Sorterarane får difor ulla rett ned på bordet frå etasjen over i staden for at dei må ta den opp frå golvet dersom tradisjonell saueklipping var i aksjon.