Furevatnet er døme på bruk av lokalt stadnamn i kart innsendar meiner er feil.
Furevatnet er døme på bruk av lokalt stadnamn i kart innsendar meiner er feil.

Litt om bruk av stadnamn

For nokre år sidan fekk eg tildelt eit kart over «Etnefjedlet» som er eit uttrykk som er og har vore nytta i Etne alltid. Kven som har laga dette kartet, veit eg ikkje, men den som gav meg det, har ei tilknyting til «byn», så mistanken går den vegen, utan at eg kan påstå noko. Kartet er bra det, det er nok ein kopi av eit originalt kart, men det som er feil er skrivemåten på namn, der er nytta «u», mens me nyttar «o». På kartet finn ein til dømes: Furevasstølen, Furevasselva og Furevatnet. Men det som er nytta i Etne er «Forevatnet», «Forevasselva» og «Forevastølen». Der er òg skrive Vollisølen, mens bekken er kalla «Vodlibekken».

Så kan ein spørja: Kvifor eit nytt kart når det er eit kart som er laga av NGU så seint som 1976 med dei namn som ein må tru å vera dei opphavlege og rette stadnamn? Nå er ikkje eg åleine om å ha ei meining om dette. Eg har snakka med andre som har meir kunnskap om gamle ord og uttrykk. Den som har laga dette kartet har kanskje gjort det i god tru, men som i praksis er eit lite bra resultat.

Mange som les dette vil nok ha ei meining om at det er lite å hefta seg opp i, mens andre vil ha ei anna meining.

Nå er der komen ut ei ny bok om «Stølar og stølsdrift i Etne»; eit godt tiltak av forfattar Reidar Berge som har gjort mange turar rundt i «Etnefjedlet» for å finna gamle stølsplassar og tatt bilde av gamle stølsmur og stølshus, og mange vil nok berømma han for denne boka. Men eg vart litt forundra når eg såg kva slags kart han har nytta, for der kjem desse stadnamna med «u», til dømes Furevatnet, og det er eit resultat av noko som ikkje skulle vore laga med dei stadnamna som der er brukt.

Det må ha gått Berge hus forbi at der er nytta andre uttrykk enn dei som me brukar i den daglege tale om stader i fjellet, for forstår eg han rett så er han opptatt av å bruka det som er gamle namn og uttrykk. Me får òg eit godt innblikk i arbeidet på desse stølane i eldre tider. Berrføtte gjetargutar i 7-8-årsalder med «Neverkont» med noko graut og flatbrød til nista og budeier i tresko. Ja, slik var det.

For ei tid sidan stod det ein annonsert ein helgetur til «Steinsfjellet i Vindafjord» i Haugesunds
Avis. Det er ikkje noko feil med ein tur til fjells, men «Steinsfjedlet» ligg ikkje i Vindafjord kommune. Det skulle vera unødvendig å nemna at det ligg i Etne kommune.
Dette fortel litt om den som legg plan for tur. Ein må ha tillit til at han eller ho veit kva dei lagar til, det bør vera rett. Ha ein fin tur til fjels!

Torleif Børve
Etne