Den stolte elefant er eit av mange måleri Elin Arianson nå stiller ut i galleriet heime på Bjoa.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Den stolte elefant er eit av mange måleri Elin Arianson nå stiller ut i galleriet heime på Bjoa.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bruk av bladmetall i bilde er ein ny teknikk kunstnaren frå Bjoa nyttar i enkelte av sine bilde.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Sterke fargar pregar mange av kunstverka.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Kunstkort og krus med bilde og tekst signert Elin Arianson.
Foto: Irene Mæland haraldsen
Fyret på Utbjoa er eit mykje brukt motiv og er å finna blant kunstverka i utstillinga.

Testar nye teknikkar og motiv

Bladmetall og tekst i bilde er nye teknikkar Elin Arianson (60) frå Bjoa har testa ut dei siste åra. Nå er ho klar med si femte utstilling heime i båtbyggjarverkstaden der ho stiller ut 29 fargerike og spanande bilde.

Publisert Sist oppdatert

I 2007 hadde Elin Arianson si første separatutstilling av eigne verk. Den gongen heldt ho til på kaien på Innbjoa, men dei siste åra har ho nytta båtbyggjarverkstaden til ektemannen heime på Utbjoa til galleri. Laurdag opnar ho si femte salsutstilling i sjøkanten og inviterer kunstinteresserte innom for å nyta dei mange fargerike bileta som har fått plass langs veggene i verkstaden. Nytt av året er eksotiske motiv malt i akrylmaling med bladmetall integrert i bildet.

— Bladmetall er noko eg har eksperimentert med dei siste to åra. Eg legg bladmetallet inn i bildet som er målt i akrylmåling, og det er veldig mange prosessar før ein kjem i mål. Eg har alltid nytta mest med oljemåling, men teknikkane eg brukar nå eignar seg best i akryl, seier Elin Arianson som i år også presenterer motiv der sjølvlaga tekst har fått plass inne i bildet.

— Eg har aldri laga tekst til bilde før. Først målar eg motivet før eg skriv inn tekst og målar på ny. Dermed ligg teksten og jobbar bak i bildet, seier 60-åringen som gjentek prosessen til ho er nøgd med resultatet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS