Finansklagenmenda meiner Vindafjord kommune skal ha fullt forsikringsoppgjer etter at Vindafjordhallen brann ned til grunnen i fjor.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Tilkjenner kommunen full forsikring
KLP Skadeforsikring vil avkorte forsikringsoppgjeret for Vindafjordhallen med 30 prosent, men det meiner Finansklagenemnda er urimeleg.
Vindafjord kommune har dermed fått medhald i klagen sin til Finansklagenemnda på ei avkorting i forsikringsoppgjeret etter brannen i Vindafjordhallen som minst vil koste kommunen 30 millionar kroner.
Kravet for KLP kom etter at Vindafjordhallen vart totalskadd 22. juli i fjor i brann.
Klagenemnda delte seg