Spektakulære syn på himmelen kan ventast i tida framover.
Illustrasjonsfoto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB / NPK
Ventar kraftig nordlysaktivitet
NPK: Dei neste dagane kan ein oppleve nordlys i store delar av landet.
— Ein vil kunne sjå nordlys heilt ned til Sør-Noreg og kanskje Danmark og Tyskland, seier Pål Brekke, fagsjef for romforsking ved Norsk romsenter til NRK.
Hol i solatmosfæren, kalla koronahol, skaper lokale vindforhold. Desse slynger elektromagnetisk stråling mot jordatmosfæren, som vi ser som nordlys.
— Solstormar kan gi større effekt og skape sterkare nordlys. Fordelen med denne perioden med koronahol, er at vi oppdagar desse hola fleire dagar før dei oppstår. Det er svært nyttig for dei som jaktar på nordlyset, seier Brekke.
Statsmeteorolog Marianne Skolem Andresen har derimot ikkje dei beste nyheitene når det gjeld vêret.
— Det er ikkje ein veldig gunstig vêrperiode for nordlys. Det blir nok mykje skyer dei nærmaste dagane jamt over, seier ho.