Norconsult sin rapport om skular og barnehagar i Vindafjord skaper stor debatt.
Faksimile: Oppslag i Grannar 23. september i år
Norconsult sin rapport om skular og barnehagar i Vindafjord skaper stor debatt. Faksimile: Oppslag i Grannar 23. september i årBilde 1 av 2
Monica Nesheim som har tre barn i grunnskulealder, er leiar i FAU Vats skule og i Vats grendelag. Dette innlegget har ho skrive som privatperson.
Monica Nesheim.Bilde 2 av 2

Vindafjord – ein framtidsretta kommune?

Kronikk: Bannskapen har lagt seg, og ukvemsorda er brukt opp. For dei har stanga i pannelappen, lenge. At me skal få kjenne på at Vats er ikkje ein sjølvsagt trygg stad å bu, må me berre ta inn over oss. At me må kjempa for alt me tek for gitt, har gitt oss hovudbry meir enn ein gong dei siste åra. Vindafjord kommune er nemleg ikkje trygg for nokon, når dei vel å setje økonomi og pengar, framfor lokal samfunnsutvikling, forståing, naboskap, medkjensle, empati og historie.

Monica Nesheim som har tre barn i grunnskulealder, er leiar i FAU Vats skule og i Vats grendelag. Dette innlegget har ho skrive som privatperson. Foto: Privat

Det vert tydlegare for meg, jo meir eg les planen for ny barnehage- og skulebruksplan, at dette er ei bestilling basert på reint økonomiske faktorar. Mest av alt, finn eg det undrande at ein har brukt 250.000 kroner på ein rapport som gir eit resultat som uansett endar med eit val mellom pest eller kolera for politikarane. Burde ikkje denne bestillinga bygd på forslag frå politikarane, om kva ein såg for seg av mogleg innsparingar som skulle vurderast? Har me politikarar som sit i kommunestyre og meiner at me må leggja ned fleire skular og barnehagar, trass i valløfte og kommuneplaner som seier at levande bygder skal ha desse institusjonane?

Får ikkje til å stemme

Alle forslag som er ynskje utarbeidd i rapporten, er med utgangspunkt i sentralisering, i tillegg til modell 0, som er vidareføring av eksisterande struktur. Rapporten baserer seg såleis i all hovudsak på investeringar i ulike modellar sett av rådmannen i kommunen, og kva slike endringar gjer med bygdene får lite eller ingen betydning i vurderinga. Det blir visst referert til andre rapportar for kva slike strukturelle endringar kan leie til for lokalsamfunn, men dette vektar ikkje noko i konklusjonen.

Ei så stor endring som det er føreslått i den nye rapporten, får ringverknader som er vanskeleg å sjå ende på

Det blir konkludert med nedlegging av skular og barnehagar, basert på dårlege bygningar og negativ befolkningsprognose. Dårlege bygningar blir det jo når det ikkje er prioritert å drive vedlikehald. At Vats skule er saneringsverdig, får eg ikkje til å stemme. I løypemeldinga blei det nemnd at skulen mangla eit «mingleområde» slik det er på nye skular. Så er jo skulen frå tidleg 70-talet også, og kva som er «pedagogisk» har naturleg nok endra seg. Korleis kunne det konkluderast med at skulen ikkje er anna enn saneringsverdig? Eg kan ikkje finne ei byggteknisk vurdering som tilseier det, heller ikkje for Vats barnehage? Burde ikkje dette fylgt med i ein slik rapport? Eg veit det er store avvik for uteområdet på Vats skule, det har FAU kjempa for å få rette opp. Svaret har heile tida vore «neste gong», Vats skule er neste på lista. Likevel glipp det heile tida. No ryk også den flotte balanseparken som FAU håpa å få på plass på uteområdet, og skulen står att med ein oppgrusa plass med eit lekeapparat – ei svingstang. Er det haldbart? Kan me finne oss i at me gong på gong skal nedprioriterast, slik at me til slutt står att med saneringsverdige bygg! Me kjenner oss lurt!

Innbyggjartalet i Vats, har halde seg stabilt i fleire tiår, med svingingar opp og ned. Faktisk så har Vats hatt ein jamn auke heilt frå 1891, då det var 1.095 innbyggjarar (no.wikipedia.org) og fram til i dag med 1.301 innbyggjarar (sln.no). Det blir søkt å basere ei heil framtid for Vats som bygd, på prognosar og framskrivingar frå befolkningsstatistikk dei siste fem åra då. Samstundes kjenner eg på at dette også er eit bevis på kor lite det har vore satsa på utbygging i Vats. Det er fleire utbyggingsprosjekt som har blitt stroke, ofte grunna «dårlege vegforhold». Ja, for infrastrukturen i Vats, er mykje meir enn berre E134 og fv. 46! Til no har ei utbygging utover dette vore «vanskeleg», sjølv om innspela til kommuneplanen kvar gong er at vatsbuens høgste ynskje, er nye attraktive tomter… utan brattheng! Då må ein faktisk også røske litt i den breiare infrastrukturen.

Store ringverknader

Eg saknar ei breiare vurdering av konsekvensar denne rapporten har for bygdene. Kva skjer når me tek vekk skule og barnehage, på ein stad der det er vanskeleg nok å rekruttere folk til ledige stillingar? Hatteland har jammen stått på, og sørga for eit sterkt økonomisk tilskot til kommunen. Ja, ein kan vel seie at han til tider har redda heile årsoppgjeret for kommunen, som meir enn ein gong har pusta letta ut på slutten av året. Kva skjer dersom me legg enda ein vanskeleg faktor til for satsinga av lokalt næringsliv? Då trur eg vegen blir kort til nye næringsfelt i Tysvær, og me står att med store millioninntekter gitt til nabokommunen. Vinn Vindafjord kommune i det lange løpet, på legge ned skular og barnehagar då?

Ei så stor endring som det er føreslått i den nye rapporten, får ringverknader som er vanskeleg å sjå ende på.

Kven er me utan bygda vår? Kven er me utan fotballaget vårt? Kven er me utan 17.mai toget? Kven er me utan næringslivet? Kven er me utan bonden? Kven er me utan bygdefolket?

Dei som driv fram idretten. Dei som mobiliserer slik at me kan feire 17.mai som ei samla bygd med kraftfull folkefest. Dei som held bygda med arbeidsplassar i mange leidd, og er sjølve hjørnesteinen for etableringsgrunnlaget for innbyggjarar, og inntektskjelde for kommunen. Dei som driv landbruket der den er, slik at du og eg kan kjøpe mat i butikken.

Skulen og barnehagen har ei så sentral rolle i bygda for at slike funksjonar skal eksistera, at det blir vanskeleg å sjå ei framtid for ei levande bygd utan desse institusjonane.

Monica Nesheim
Vats