Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Vitne melder om uaktsam køyring i forkant av ulykke

Naudetatane rykte fredag kveld ut etter melding om ei trafikkulykke på E134 i Stordalen i Etne. Føraren av bilen blei frakta til sjukehus, truleg ikkje alvorleg skada. Sør-Vest politidistrikt har frå vitne fått melding om uaktsam køyring i forkant av ulykka, som førte til at bilen køyrte av vegen og blei liggande på taket.

— Dersom det er andre vitne til køyringa eller ulykka, må desse ta kontakt med politiet på 02800, heiter det frå etaten.