Arvid Rørvig fekk denne laksen på 4,7 kilo natt til måndag.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Villaksen er debutant på raudlista i år. Her Arvid Rørvig med ein fin fangst i Etneelva i fjor, ein laks på 4,7 kilo .

— Beste laksefiske på fem år

Årets sportsfiske etter laks i norske elver var det beste sidan sesongen 2015. Om lag 129.500 laks blei fanget og det var mange som prøvde lukka.

Publisert Sist oppdatert

Det er Norske Lakseelver som har gjort denne oppsummeringa. Kvar haust samlar organisasjonen inn fangstrapporter frå eit utval av norske lakseelver. Tala dannar utgangspunkt for å estimera totalen for heile landet. I år viser utrekningane at sesongen 2020 blei ein av dei betre på lang tid. Fasiten kjem frå SSB i januar neste år.

— Gode fiskeforhold med jamn vassføring og auka fiskekortsal blant nordmenn som ferierte heime, var nok ei medverkande årsak til at årets laksefiske var betrakteleg betre enn dei siste åra, seier generalsekretær i Norske Lakseelver, Torfinn Evensen, i ei pressemelding.

Norske Lakseelver er likevel bekymra for situasjonen for villaksen. Talet på laks som kjem tilbake frå havet og opp i elvene er halvert i løpet av dei siste tretti åra. Forskarane peikar på lakseoppdrett og vasskraft som dei største truslane man kan gjera noko med.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS