llustrasjonsfoto
llustrasjonsfoto

E134: Glatte vegar skaper trafikkvanskar

Politiet er på veg med patrulje til Solheim i Skjold etter melding om ei velt med tilhengjar på E134. — Ein bil står midt i vegen. Det skal vera veldig glatt på staden, melder Søt-Vest politidistrikt rundt kl. 12.30 torsdag. Politiet opplyser at det er trafikale problem. Det blir meldt om kø i begge retningar.

Siste: Politiet er framme og melder at trafikken står i begge retningar. Brøytebil er på veg. Det skal ikkje vera personskade i samband med uhellet.