Dette melder kommunen i ei pressemelding fredag ettermiddag.
Dette er dei gjeldane råda og tiltaka:
- Sjukeheimen er stengt for besøk i perioden 20.november til og med 27. november. Unntak for besøksreglane ved spesielle høve, som besøk i livets sluttfase. Bemanna omsorgsbustadar er ikkje stengde, men ein tilrår at ein ikkje gjennomfører besøk i same periode.
- Tilrådinga er å gjennomføre færrast moglege arrangement. Ein tilrår å ikkje samle fleire enn 20 personar på arrangement på offentleg stad.
- Heimekontor for alle som må nytta offentleg transport eller sit i kontorlandskap.
- Kommunen tilrår at alle held 2 meter avstand (utanom i husstanden) der det er mogeleg.
- Personar som er i risikosona bør unngå nær kontakt med andre.
- Kommunen tilrår stans i breiddeidretten for både born og vaksne der ein ikkje kan halda 2 meter avstand.
- Kommunen tilrår bruk av munnbind i alle situasjonar kor ein ikkje kan halda minst 1 meter avstand.
- Kommunen tilrår bruk av munnbind på kollektivtransport, unntak er skuleskyss for born i grunnskulen og personar som ikkje kan nytte munnbind av helsemessige årsaker.
- Kommunen tilrår bruk av munnbind i drosje.
Frå raudt til gult
Både barnehagane og Skånevik skul grå frå raudt til gult nivå frå måndag 23. november.
Ved Enge skule er det mogleg smitte hos ein elev i 10. klasse. I samråd med Folkehelseinstituttet er det bestemt å setje klassen og tilsette i karantene fram til prøvesvar ligg føre. Svara er venta i løpet av helga.
I Etne er totalt 46 personar smitta sidan mars. Av desse er 42 personar smitta sidan 5. november, 2 personar siste to døgn. Ein person frå Etne kommune er innlagt på sjukehus. 130 personar er i karantene og fredag ettermiddag ventar 90 personar på prøvesvar.