Kommuneoverlege Elisabeth Winterthun følgjer no tett med på utviklinga i eigen og nærliggande kommunar etter at det er meld om fleire nye smittetilfelle den siste veka. ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN
Kommuneoverlege Elisabeth Selland Winterthun i Etne kommune skal vere fastlegevikar i nokre månadar. ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN

— Ingen grunn til å slappa av

Etne kommune opplever nedgang av smittetala dei siste døgna. Kommuneoverlege Elisabeth Winterthun ser likevel ingen grunn til å slappa av.

Måndag føremiddag rapporterer Etne kommune om null smitta siste døgn og heller ingen innlagt på sjukehus. Kommunen er oppe i 48 smitta sidan mars, og heile 44 personar med påvist covid-19 sidan 5. november. 75 personar er framleis i karantene og det manglar svar på ti prøvar.

Kommuneoverlegen har trass teikn på ei betre utvikling, og at mange kjenner ei lette rundt dette, eit klart råd til innbyggjarane.

— Som smittevernlege ber eg dykk følgja smittevernsråda vidare, då kan me halda pandemien under kontroll, seier Winterthun i ei pressemelding frå kommunen.

— Ta vare på kvarandre

Ho legg til:

— Det aller viktigaste er å halda seg heime om ein kjenner seg sjuk. Har du symptom som feber, sår hals, hoste, tungpust, mista smak/lukt sans eller kjenner deg «influensa-sjuk», bør du gå å testa deg. Kontakt teststasjonen i Ølen på telefon 53656034 for å avtale time.

For å avgrensa smitte må me halda god avstand til andre og avgrensa tal på personar me er saman med. Bruk munnbind der ein ikkje kan halda to meter avstand til andre på fritida, ei oppmoding som ikkje gjeld barn under 12 år.

Kommuneoverlegen ber innbyggjarane om å ta vare på kvarandre, og å ta ein ekstra telefon til dei som sit åleine.

— Lat oss førebyggja sosial isolasjon og einsemd.

Og hugs: Hald avstand – vask hender – ver heime om du er sjuk – avgrens din sosiale omgang, er den klare oppmodinga frå kommuneoverlegen i Etne.