Kommuneoverlegen i ein kommune med 88 smitta, to dødsfall grunn covid-19 og eit større utbrot på den eine av to sjukeheimar, har torsdag lagt ut ei større melding med ei vurdering av smittesituasjonen til innbyggjarane om situasjonen og tida fram mot årsskiftet.
— Dei siste vekene har kommunen vår hatt ein utfordrande smittesituasjon når det gjeld covid19-viruset. Fleire bedrifter og skular har innstilt eller endra drifta, i tillegg har smitte ved Vindafjordtunet hatt tragiske utfall, skriv Kleiven.
— Krevjande å få kontroll
Han slår fast at mykje tyder på at kommunen er i ferd med å få kontroll over smittesituasjonen i, men at det framleis er utfordringar knytt til utbrotet ved Vindafjordtunet.
— Ingen skal vera i tvil om at det blir jobba hardt for å stoppa smitten der også, men erfaringar frå andre stader viser at det er svært krevjande. Det er også vår erfaring. Der er innført strenge tiltak både i den avdelinga som er ramma, men og på resten av institusjonen. I dag og dei neste to vekene er det bebuarar, pårørande og tilsette ved Vindafjordtunet som har den mest krevjande kvardagen i kommunen vår, meiner Terje Kleiven.
Ros
Regjeringa har forlenga sine smitteråd, og Vindafjord kommune har i dag vedtatt å forlenga sine forsterka smitteråd til og med 4.12.2020.
Han inntrykk er at vindafjordingar flest har følgt råda, og meiner dette sannsynlegvis er årsaka til at kommunen relativt raskt har kunna redusera talet på smitta. I tillegg viser han til at handelsstanden har vore flinke med smittetiltak i sine lokale. Fleire butikkar oppmodar folk til å handla åleine for å unngå for mange personar inne i lokalet, og dette er eit godt råd, seier han.
Kommuneoverlegen rosar også skulane som har vore flinke med kohortar og smittetiltak elles. Han seier det er ekstra viktig at foreldre er nøye med at barna ikkje blandar kohortar på fritida, og at det er like viktig at smitteråda vert følgt på fritida som på skulen.
— Ikkje som tidlegare
Terje Kleiven avsluttar med tankar om situasjonen utover i desember og jule- og nyttårshelga.
— Når me nå går inn i ei adventstid som ikkje blir som tidlegare år, er det likevel håp om at ein skal kunna lette på lokale tiltak. Rådet om å avgrensa talet på nærkontaktar tenkjer eg vil gjelda til over jul. Dersom ikkje smittesituasjonen i kommunen vår forverrar seg, vil me oppmoda vindafjordingane til å følgja nasjonale råd gjennom mesteparten av adventstida, og i jule- og nyttårshøgtida.
Mitt håp er at alle kan feira høgtida med sine næraste, heiter det i bodskapen til kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord.