Nå må Etne-ordførar Mette Heide Bergsvåg Ekrheim og kommunedirektør Bjørn Tollefsen, og resten av innbyggjarane i distriktet igjen finna fram munnbindet der det ikkje er mogeleg å halda avstand. 
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Nå må Etne-ordførar Mette Heide Bergsvåg Ekrheim og kommunedirektør Bjørn Tollefsen, og resten av innbyggjarane i distriktet igjen finna fram munnbindet der det ikkje er mogeleg å halda avstand. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen

Nå er nesten hundre i karantene – 29 smitta dei ti siste dagane

Etne kommune gjekk seint sundag kveld ut med nye og strenge tiltak etter stor smitteauke den siste tida. Dette gjeld blant anna bruk av munnbind i visse situasjonar.

— Me må ta vare på kvarandre og verna dei eldste ekstra godt, heiter det i meldinga frå kommunen, som blant anna stengjer dørene på Etne omsorgssenter den komande veka.

Skånevik omsorgssenter er stengt inntil ny beskjed blir gitt etter at det i helga blei påvist smitte hos ein bebuar.

Status er totalt at 29 personar er blitt smitta av viruset dei ti siste dagane, og at nesten 100 personar nå sit i karantene.  Gjennomsnittsalderen er 52 år på dei som er smitta i kommunen. Det er like mange menn som kvinner. Ingen barn eller ungdomar er til nå råka av viruset i Etne kommune.

Det er fleire smittekjelder, men dei fleste er smitta lokalt i kommunen. Kommunen opplyser ikkje korleis smitten er fordelt geografisk, men det er kjent at båe dei to største bygdene, Etne og Skånevik, er sterkt ramma.

— Minst to meter avstand

— Viruset smittar gjennom dropar i lufta, og berre ved å halda avstand til andre kan ein unngå å bli smitta. Me har observert at ein avstand på éin meter ikkje alltid er nok, og difor tilrår me nå at alle bør halda god avstand – minst to meter – til kvarandre, skriv kommunen og legg til:

— Me må ta vare på kvarandre og vel å verna dei eldste ekstra godt. Me stengjer difor dørene til sjukeheimen i Etne for besøk den komande veka. I Etne kommune vel me nå å gje ei sterk tilråding om følgjande tiltak for å stansa vovid-19 smitten i lokalsamfunnet vårt:

 Gjeld frå måndag 16. novemver 01.00 til sundag 22.novemver.

• Sjukeheimen blir stengt for besøk.

Unntak for besøksreglane ved spesielle høve, som besøk i livets sluttfase.
Bemanna omsorgsbustadar er ikkje stengde, men ein tilrår at ein ikkje gjennomfører besøk i same periode.

• Arrangement:
Tilrådinga er å gjennomføre færrast moglege arrangement
Ein tilrår å ikkje samle fleire enn 20 personar på arrangement på offentleg stad.
• Heimekontor for alle som må nytta offentleg transport eller sit i kontorlandskap.
• Me tilrår at alle held to meter avstand (utanom i husstanden) der det er mogeleg.
• Personar som er i risikosona bør unngå nær kontakt med andre.
• Tilrår stans i breiddeidretten for både barn og vaksne der ein ikkje kan halda to meter avstand.
• Ein tilrår bruk av munnbind i alle situasjonar kor ein ikkje kan halda minst éin meter avstand. Ein tilrår bruk av munnbind på kollektivtransport, unntak er skuleskyss for barn under ungdomsskulealder og personar som ikkje kan nytta munnbind av helsemessige årsaker. Ein tilrår bruk av munnbind i drosje.