Vindafjordtunet har I dag ei avdeling for personar med demens og ei langtidsavdeling for somatisk sjuke. Forutan dei 48 institusjonsplassene er der også 25 kommunale omsorgsbustadar for eldre, derav to for midlertidige opphald.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Nytt dødsfall på Vindafjordtunet
Nok eit dødsfall knytt til covid-19 har ramma Vindafjordtunet.
I dag blei det bekrefta at ein bebuar som gjekk bort søndag ved Vindafjordtunet døydde av koronaviruset. Dermed har to bebuarar ved det kommunale omsorgssenteret i Nedre Vats døydd som følgje av covid-19.
Til saman tolv bebuarar er registrert smitta ved Vindafjordtunet i løpet av utbrotet som starta for halvanna veke sidan. Éin bebuar er lagt inn på sjukehus. Til saman sju tilsette er bekrefta smitta av viruset og sett i isolasjon, og 27 tilsette er sett i karantene.
— Utbrotet er avgrensa til éi avdeling og me jobbar intenst for å få kontroll med situasjonen ved Vindafjordtunet, seier kommuneoverlege Terje Kleiven.