Sju nye smitta i Etne kommune
Etne kommune stadfester torsdag føremiddag sju nye smittetilfelle siste døgn. Alle har kjente smittevegar og alle nærkontaktar har fått beskjed.
Smitten av covid-19 breier seg framleis i Grannar-distriktet og stadfestar at kommunane ligg blant landets verste i smitteutbreiing per innbyggjar dei siste 14 dagane. Dei siste tala inneber at Etne nå har nådd 44 personar med påvist koronavirus. Heile 40 av desse er smitta dei siste to vekene, sidan 5. november.
Status vidare er at éin person er innlagt på sjukehus, rundt hundre i karantene og 45 prøvar utan svar. Ingen av dei nye smittetilfella gjeld barnehage og skule.
— Me har nå oversikt over situasjonen på Skånevik omsorgssenter etter massetesting. Éin tilsett og to bebuarar har testa positivt for covid-19, medan alle andre har testa negativt. Tiltak er sett i verk tiltak for å hindra smittespreiing. Dei sju positive prøvane i går har alle kjente smitteveier, og alle nærkontaktar har fått beskjed, opplyser ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i ei pressemelding frå kommunen.