Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Skadd i eksplosjon

Politiet fekk tysdag føremiddag melding om eit arbeidsuhell med personskade på Westcon Yards sitt område i Ølensåg. — Ein mindre beholdar eksploderte under arbeid. Den skadde er køyrt til sjukehus for behandling av skadar i ansiktet, opplyser Sør-Vest politidistrikt. Operansjonsleiar John Ask kan førebels ikkje gi ytterlegare opplysningar om arbeidsuhellet. Han fortel at den skadde, ein mann i 40-årsalderen, er frakta til sjukehuset i Haugesund i ambulansebil.