Lastebil glei på glatta på Fikse.
Foto: Tipsar
Lastebil glei på glatta på Fikse. Foto: Tipsar

Snøen lavar ned – trafikk-kaos over Fikse

Ein lastebil som har glidd i grøfta, skaper trafikk-kaos på E134 mellom Ølen og Etne torsdag kveld. Politiet er informert om hendinga og dei store trafikale utfordringar, og har sendt ein patrulje til staden.

Det er på Fikse, like ved kommunegrensa mellom Vindafjord og Etne, uhellet har skjedd. Snøen har lava ned utover ettermiddag og det har kome mellom fem og ti centimeter snø enkelte stader.

Grannar har fått sendt desse bilda frå ein tipsar som viser situasjonen der lastebilen har sklidd ut.

— Kaos på Fikse, og brøytebilen er bakarst i køen, kommenterer tipsaren.

Siste: Kl.  20.30: Framleis trafikk-kork og lange køar på båe side.

Kl 21.20: Politiet er på staden og melder at trafikken går greitt forbi. Bilbergar er også framme og politiet ser ikkje lenger behov for å assistera.