Tett plakat i førjulstida
Haustprogrammet på Skakke byr på variert meny, og først ut er den store kinodagen på laurdag. 14 filmar står på plakaten. Seinare blir det teater, konsertar, shows og julemesse.
Komande laurdag er det duka for den årlege kinodagen i heile Noreg, der folk kan sjå film heile dagen om dei vil – til halv pris. På Skakke i Etne er det sett opp 14 filmar, som til saman utgjer 20,5 timar med film.
— Me håpar me får til ein god kinodag, sjølv om me dette året må ta spesielt omsyn til smittevern. Derfor blir nok både ansiktsmåling, teiknebord, og andre tradisjonelle innslag kutta ut i år. Eg håpar likevel at folk kjem på kino og at dei kosar seg, seier dagleg leiar på Skakke, Gøril Eidhammer.
Film for store og små