Alle naudetatar er på vegen etter at det tidleg måndag morgon er meldt om om ei utforkøyring på Skånevikvegen, nærare bestemt ved Vatnedalsvatnet på fv. 548, ikkje langt frå Hålandsheia. — Ein bil har kyrt av vegen. Ukjent skadeomfang, melder Sør-Vest politidistrikt.
Siste: Politiet er nå framme ved ulykkesstaden. Ingen skal vera alvorleg skadd. Éin person blir sjekka av ambulansepersonell etter å ha klaga på smerter i ryggen.
Politiet har førebels ingen opplysningar om årsaka. Det vil bli nokre trafikale problem i samband med bilberging.
Det har vore ei kjølig natt i distriktet med minusgrader fleire stader og delvis glatte vegar.
Politiet opprettar sak. Etaten opplyser at bilen har køyrt over nokre betongblokker og deretter seks til sju meter ned mot Vatnedalsvatnet.
— Berging av bil vil bli føretatt med kranbil på eit seinare tidspunkt. Førar er tatt med av ambulanse, opplyser Sør-Vest politidistrikt måndag føremiddag.