Konsernsjef Stig Hatteland fekk æra av å føre gravemaskinen då det første spadetaket til nybygget i Aksdal.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Veks utanfor heimkommunen
Her tek konsernsjef Stig Hatteland i Vindafjord-baserte Hatteland Gruppen første spadetak på deira nye signalbygg, i nabokommunen Tysvær. Samstundes har han ei klar oppmoding til heimkommunen.
I Aksdal Næringspark i Tysvær bygger Hatteland Gruppen nå opp eit nesten 10.000 kvadrat- meter stort bygg med om lag 170 kontorplassar og testsenter. Det er konsernet sine selskap RamBase, Ydra og Inosa som blir samloka- liserte og rusta for vekst.
— I ei tid kor mange gir uttrykk for uro for framtida, satsar vi for fullt, slo konsernsjef Stig Hatteland fast etter å ha hoppa ned frå gravemaskinen.
Dei tilsette i dei nemnde Hatteland-selskapa er i dag i hovudsak lokaliserte på Raglamyr i Haugesund, på Frakkagjerd og på Avaldsnes på Karmøy. Nybygget kjem berre om lag 10 år etter at Hatteland bygde eit nytt kontorbygg på Raglamyr. Der skal eit anna Hatteland-selskap som no opplever spesielt sterk vekst, EMP Secure, overta heile lokalet.
Den nye satsinga betyr ikkje at det forsvinn mange arbeidsplassar frå Vats og Vindafjord. Men det kjem altså heller ikkje mange nye.
— Det er ingen Ydra-, eller Inosa-tilsette i Vats, og det er berre nokre få personar i Vats som arbeider i RamBase. I utgangspunktet er det berre dei på Raglamyr som flyttar til Aksdal, men kompetansemiljø er som tyngdekrafta. Dei blir større der dei er størst, seier konsernsjefen.