Ny livsepoke for gardsmat-gründer
I sommar pensjonerte Tor Åge Hundseid (62) seg frå jobben som kunst- og handverkslærar på Vikedal skule. No har han betre tid til å driva Vikedal Gardsmat AS, og å vera småbarnsfar for Sigrid Valentina (4) og Torild Maria (8 månader).
På eit gardstun nokre steinkast frå Vikedal motocrossbane, har Tor Åge Hundseid produsert heimelaga kjøttvarer i over 20 år. Her i området ligg frodige ekrer omkransa av fjelltoppar på fleire hundre meter.
Eit skilt i asfaltkanten langs fylkesveg 751 viser veg til gardsmat-gründeren. På nettopp dette tunet har Tor Åge Hundseid forvalta og konservert kjøt etter beste evne, år etter år. Ikkje berre har han metta svoltne festivalgjester med velsmakande burgarar og pølser frå salsvogna si i dei seine nattetimar. Han har også levert produkta til hotell Scandic Maritim i Haugesund, til ulike butikkar, Kaffebrenneriet i Bergen og til tv-kokk Arne Brimi.
Den kanskje gjævaste kunden av alle, sjølv om det ikkje er sagt slik med Hundseid sine eigne ord, er gourmetrestauranten Ree-Naa i Stavanger. Den har to Michelin-stjerner og er difor eit synonym med høg kvalitet. I 2005 vann han folkets pris for beste røykte spekeskinke. I førre veke blei det klargjort kven som vinn den prestisjefulle finalen i Det Norske Måltid. Hundseid er komen like til finalen i kategorien Årets Kjøtt Foredler med si Vikedalsskinke.