Både ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekhreim og kommunedirektør Bjørn Tollefsen fann grunn til å smile av fleire lyspunkt i Etne-økonomien då sistnemnde presenterte sitt forslag til budsjett og økonomiplan.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Både ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekhreim og kommunedirektør Bjørn Tollefsen fann grunn til å smile av fleire lyspunkt i Etne-økonomien då sistnemnde presenterte sitt forslag til budsjett og økonomiplan.

Vil ta grep for dei unge

Kommunedirektør Bjørn Tollefsen ser alvorleg på dei demografiske endringane Etne står ovanfor i den nærmaste 10-årsperioden. Han føreslår fleire tiltak for å gjere kommunen meir attraktive for unge i etableringsfasen allereie i 2021-budsjettet.

Publisert Sist oppdatert

Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå syner ei flat utvikling for folketalet i kommunen. Men det er dramatiske endringar på gang når det kjem til alderen på befolkninga. Om det går slik SSB spår vil det vere 315 færre i yrkesaktiv alder i Etne kommune i 2030 enn det er i dag. Samstundes vil talet på personar som er venta å bli brukarar av heimetenester eller institusjonsplassar auke med 100.

— Det er folk i yrkesaktiv alder som skal betale for eldreomsorga gjennom skatt, minna kommunedirektør Bjørn Tollefsen om då han tysdag la fram sitt forslag til budsjett for 2021 og økonomiplan for perioden 2021-24.

Og det er denne utfordringa Tollefsen, som byrja i jobben som kommunedirektør i år har hatt fokus, og følgjeleg legg fram sitt første forslag til budsjett. Saman med sine kommunalsjefar, kor alle også er kome til kommunen det siste året, har han både i neste års budsjett og i økonomiplanperioden, leita etter og føreslått grep som skal gi økonomisk handlerom. Både til å løyse eldrebølgja på kortsiktig og langsiktig vis (sjå eiga sak) og til å gjere kommunen meir attraktiv for unge i etableringsfasen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS