Situasjonen i kommunen er 60 personar smitta med covid-19 sidan starten, 22 nye smitta den siste veka og 11 smitta siste døgn. Ingen er innlagt på sjukehus. Dei fleste blant dei elleve siste smittetilfella er relatert til Vindafjordtunet.
Dette melder kommunen nå:
— Smittesporing pågår og nærkontaktar blir fortløpande kontakta for testing. Me kan melda følgjande status for dei største aktive smittesporingsprosjekta våre per nå:
- Vindafjordtunet: Det er ikkje kome inn nye registrerte smittetilfelle ved Vindafjordtunet enn dei som vart registrert i går. Ein går nå i gang med testing av alle bebuarar ved Vindafjordtunet for å få oversikt over situasjonen. Det er forsterka fokus på bemanningsplanar og reinhald. Smittekjelda er uavklart og ein jobbar utifrå fleire teoriar.
- Sandeid skule: Vindafjord kommune har i løpet av helga motteke svar på dei aller fleste testane av elevar og tilsette ved Sandeid skule. Heldigvis har alle prøvane så langt vore negative, men ein ventar fortsatt på enkelte prøvesvar. Som ein følgje av dette har alle klassane ved Sandeid skule gjenopptatt ordinær undervisning for alle klassar, men på «raudt» nivå i samsvar med folkehelseinstituttet og utdanningsdirektoratet sin trafikklysmodell.
- Bjoa barnehage: Vaksne og barn ved barnehagen er i karantene og barnehagen er stengt inntil vidare. Testing av dei involverte blir utført i dag.
Forsterka tilrådingar
Vindafjord kommune er i dialog med FHI og Fylkesmannen i Rogaland som bistår med råd i handteringa av utbrotet. Som ein følge av smittesituasjonen, har den kommunale kriseleiinga i dag 16. november vedteke sterkare tilrådingar for å slå ned utbrotet så raskt som mogleg og få kontroll på situasjonen. Kommuneoverlegen har ansvar for handteringa lokalt. Dei forsterka tilrådingane gjeld i dag frå klokka 14 til og med tysdag 24. november. Legg særskilt merke til endringane knytt til heimekontor, besøk ved omsorgssentra og bruk av munnbind.
Gjeldande lokale oppmodingar og tiltak
Vindafjord kommune følgjer nasjonale retningslinjer, men på grunn av den uoversiktleg smittesituasjonen innfører kommuneoverlegen nokre ekstra tiltak og kjem med særskilte oppmodingar som gjeld fram til 24.11.20.
Heimekarantene
- Hald deg heime i «sjølvpålagd» karantene ved lette luftvegssymptom som tett nase og kribling i halsen. Ha låg terskel for å testa deg.
- Dei som har luftvegssymptom, bør redusera kontakten med andre og notera seg kven ein til ei kvar tid har vore i kontakt med dei siste 2 dagar.
Heimekontor
- Alle som må nytta offentleg transport eller sit i kontorlandskap bør ta i bruk heimekontor
- Me rådar elles arbeidsgjevarar til å nytte heimekontor der det er formålstenleg
Sosial kontakt
- Folk flest vert tilrådd å ha færrast mogleg sosiale kontaktar
- I den næraste perioden bør ein i størst mogeleg grad unngå private sosiale samankomstar
Bruk av munnbind
- Ein tilrår bruk av munnbind i alle situasjonar der ein ikkje kan halda minst 1 meter avstand.
- Ein tilrår bruk av munnbind på kollektivtransport, unntak er skuleskyss for barn under ungdomsskulealder og personar som ikkje kan nytte munnbind av helsemessige årsaker.
- Ein tilrår bruk av munnbind i drosje.
Omsorgssentra
Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter er stengt for besøkande inntil vidare.
- Unntak for besøksreglane ved spesielle situasjonar som besøk i livets sluttfase.
- Dagtilbod ved omsorgssenter vert som ein følgje av dette stengt inntil vidare
- Øvrige dagtilbod er opne inntil vidare.
Dagtilbud innan helse og omsorg
- Dagtilbud til ekstra sårbare personar vert oppretthalde.
- Dagsenter er stengt.
Bruk av munnbind innan helse og omsorg
- Helsepersonell tar i bruk munnbind i kontakt med brukarar i helse og omsorg
Personar i risikogrupper
- Personar i risikogrupper bør unngå nær kontakt med andre.
- Personar i risikogrupper bør unngå kollektivtrafikk
- Arrangement for risikogruppene bør avlysast.
Skular, barnehagar og kulturskule
- Skular og barnehagar er frå måndag 16.11.20 på «raudt nivå» når det kjem til etterfølging av smitteverntiltak. Les meir om Folkehelseinstituttet sin trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå, som viser kva for nokre smitteverntiltak barnehager og skular skal følgje: Nivåinndeling av smitteverntiltak.
Serveringsbransjen
- Serveringsstader og uteplassar kan halde ope dersom drifta er smittevernfagleg forsvarleg. Dette er i tråd med dei nasjonale retningslinjene for serveringsbransjen.
- Det er nasjonal skjenkestopp frå kl. 24:00.
- Serveringstader med skjenkeløyve kan ikkje sleppe inn nye gjester etter kl.22:00.
- Det vert oppfordra til å føre gjestelister.
Tilstellingar og arrangement
- Alle planlagde arrangement bør nøye vurderast om dei kan utsetjast eller avlysast t.o.m 24. november. Tilrådinga er å gjennomføra færrast mogleg arrangement i denne perioden.
- Dette gjeld og planlagte gruppeturar osv.
- Det vert tilrådd å ikkje samle fleire enn 20 personar på arrangement på offentleg stad.
- Dersom det er fastmonterte seter og ein kan halde 2 meter avstand mellom desse, er det opning for å kunne vera inntil maksimum 50 personar (eksempel: gravferd).
Breiddeidrett
- Det vert tilrådd stans i breiddeidretten for barn og vaksne der ein ikkje kan halda 2 meter avstand.
Idrettshallar og svømmehall
- Det er tilrådd å stanse breiddeidretten for barn og vaksne fram til 24. november.
- Dei kommunale hallane kan brukast i skulen.
Treningssenter
- Ein bør halde to meters avstand ved fysisk aktivitet innandørs.
Fritidsreiser
- Bør unngå unødige fritidsreiser.